Om oss

Munch i Vågå starta som eit prosjekt i regi av Vågå kommune og Unn Bostad som primus motor for utviklinga av den historiske hagen på Ullinsvin. Det har utvikla seg til å bli eit større nettverksprosjekt av bedrifter som ynskjer å løfte fram Edvard Munchs tilknyting til bygda.

Om Munch i Vågå

Det lokal Munch i Vågå nettverket består av bedrifter som ser potensialet i, og ynskjer å løfte fram Edvard Munchs tilknyting til Vågå.

Farsslekta til Munch budde i Vågå i  fleire generasjonar. Gjennom historier faren fortalte når familien var samla, fekk Vågå ein naturleg plass i Edvard sitt liv. Han hadde ofte Vågå i tankane og bevarte eit nært forhold til bygda heile livet. Han vandra hit som ung man for å søke røtene sine og finne var på kven han var. Ut får eigne brev og skissebøker er det dokumentert at Edvard gjorde fleire reiser til Vågå mellom 1895 og 1939.

Bedriftene som satsar på Munch-opplevingar er:

Vågåkyrkja

Vågå Hotell

Vågå kommune

Galleri Ullinsvin

Gammel-Kleppe Kulturarvhotell / Stiftelsen Munchpunkt

Gudbrandsdalsmusea

Lemonsjø Fjellstue & Hyttegrend 

Bessheim Fjellstue

Nasjonalparkriket Reiseliv AS

 

Munch – den nordlige ruten
Edvard Munch vart fødd i Løten, og farsslekta hans var frå Vågå. Desse to Munch-stadene er knytt saman i utviklingsprosjektet Munch – den nordlige ruten. Nettverkssamarbeidet består av reiselivsbedrifter i Løten, Hamar og Vågå, saman med kommunane Løten og Vågå.

Samen set dei Edvard Munchs tilknyting til desse stadane på kartet og utviklar gode opplevingar som gjev unike innblikk i den verdskjente kunstnaren sitt liv. Nettverket legg til rette for ei spennande reise i Munchs fotspor, og målet er å gjere hans forhold til stadene betre kjent og skape attraktive opplevingar.

Munch i Løten
Den verdskjende kunstnaren vart fødd på Engelaug Østre i Løten i 1863. Familien budde her i eitt år før dei fløtte til Oslo, der Edvards far fekk jobb som nasjonal korpslege.

Familien held kontakten med folka på Engelaug livet gjennom og Edvard reiste attende fleire gongar som barn og ungdom. Ein antek at landskapet og bygdelivet på Løten hadde stor betyding for utviklinga hans som person og kunstnar.

Munchs tilknyting til Løten får du veta meir om på www.munchiloten.no