MUNCH SITT FORHALD TIL DYR

Allereie i Kragerø-tida byrja Edvard Munch med dyrehald.

På Nedre Ramme hadde Munch ei rekkje ulike dyr. Hestar og hundar var populære modellar. Måten Munch skildra dyra på står i forlenging av interessa for kvardagsliv, og vitnar om ei finstilt evne til å observere, få med seg det typiske samt nyansane.

Etter at Munch vendte attende til Norge, hadde han alltid ein eller fleire hundar. Munch både måla og teikna hundane sine, men fyrst og fremst var dei der for å halde han med selskap. Hunden Boy fekk til og med vere med Munch på kino i Moss, kor han fekk eigen billett og sete. Seint i livet slutta Edvard Munch å ete kjøtt. I eit brev til venen Jens Thiis, truleg frå 1932–33, skriv han:

«Som medlem av vegetarianersekten sier jeg: Omvend deg fra kannibalismen! Spis ikke dine onkler, tanter og små kusiner med blanke øyne, men spis, som lammet, liljen, liljekonvallen og gresset. Du er jo i grunnen allerede halvt vegetarianer.»

 

I ei skissebok frå 1908 skriv Munch:

«Bliver man behandlet som en Hund bliver man en Hund».

 

Kjelder: Ustvedt, Munch: En introduksjon til bildene og livet, 2018. munchmuseet.no. Munchmuseet, Som et spøgelse forlader jeg dig. Sitater av Edvard Munch, 2017, side 129.

 

MUNCH’S RELATIONSHIP WITH ANIMALS

When Edvard Munch settled in Kragerø, he soon brought animals into his life. This continued when he moved to Nedre Ramme, and horses and dogs were particularly popular. The way in which Munch portrayed the animals reflects his interest in everyday life and demonstrates a fine-tuned ability to observe and capture the generic as well as the nuances.

When Munch returned to Norway, there were always one or several dogs by his side. Munch both painted and drew his dogs, but first and foremost they were there to keep him company. He even took Boy, one of his dogs, to the cinema in Moss and gave him his own ticket and seat. Late in life, Edvard Munch stopped eating meat. In a letter to his friend, Jens Thiis, probably from 1932–33, he writes:

«As a member of the vegetarian cult, I say: Convert from Cannibalism! Do not eat your uncles, aunts and little cousins ​​with shiny eyes. Eat instead, like the lamb, the lily, Lily of the Valley and the grass. You are in fact half vegetarian already.”

 

In a sketchbook from 1908, Munch writes: “If one is treated like a Dog one becomes a Dog.”

Sources: Ustvedt, Munch: En introduksjon til bildene og livet, 2018. munchmuseet.no. Munchmuseet, Som et spøgelse forlader jeg dig. Sitater av Edvard Munch, 2017, side 129.