Munch-vandring

Gå i fotspora til Edvard Munch og farsslekta hans

Edvard Munch er ein målar av verdsformat og truleg den mest kjende kunstnaren Noreg har hatt. Han var både anerkjend og omdiskutert i si samtid, og mange oppfatta han som sjølvoppteken, sky og sentrert om seg sjølv og sin eigen kunst.

På Munch-vandring i Vågå vil du oppdage at han hadde fleire sider. Edvard Munch var oppteken av korleis nedarva genar formar oss som personar. Sidan farsslekta til Munch budde i Vågå i fleire generasjonar, vandra han hit som ung mann for å søkje opp røtene sine. Han hadde ofte Vågå i tankane, og bevarte eit nært forhold til Vågå heile livet gjennom fleire besøk.

No får du to val

  1. Lær om Edvard Munchs sterke tilknyting til Vågå og oppdag nye sider ved den verdskjende malaren og forfattaren.
    LÆR OM MUNCH I VÅGÅ

  2. Planlegg ein dag i Vågå for å gå i Edvard Munchs fotspor og oppsøkja stadane han sjølv vitja og som var viktige for han.
    GÅ I MUNCHS FOTSPOR

ER DU MUNCH-ENTUSIAST?

Skriv inn namn og epost for å få invitasjon til muncharrangement i Vågå.

  • Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.

Om Edvard Munch

Edvard Munch er ein av verdas mest anerkjende kunstnarar. Han vart fødd 12. desember 1863 i Løten i Hedmark, og foreldra var Laura og Christian Munch. Slekta til faren var for ein stor del prestar, kunstnarar og vitskapsfolk og hadde tilhald på prestegarden i Vågå i fleire generasjonar. Edvard Munch døydde 23. januar 1944 på Ekely i Aker (nå Oslo), 80 år gamal.

Barndom og oppvekst

Barndomen til Edvard var prega av sjukdom, og han måtte halde seg inne i lange periodar vinterstid. Heimen og studiar av familien var viktig i den tidlege kunstnariske utviklinga hans. Foreldra Laura og Christian var sterkt personleg kristne, som store deler av slekta. Farfaren Edvard Storm Munch var stiftsprost i Kristiania, og oldefaren Peder Sørensen Munch var sokneprest i Vågå. Det var mykje snakk om slekta i familieheimen, og portretta av oldefaren og oldemora, Christine Storm Munch, hekk på veggen ved spisebordet. Både Edvard Munch og systera Inger Marie var fleire gonger på besøk i Vågå og på prestegarden Ullinsvin for å oppsøkje røtene sine.

Syskenflokken talde fem barn: Johanne Sophie (1862), Edvard (1863), Peter Andreas (1865), Laura Cathrine (1867) og Inger Marie (1868). Faren arbeidde som militærlege, og var kjend for å vera hyggeleg og omgjengeleg. Familien flytta mykje rundt i Kristiania, og sat rimeleg godt i det materielt sett.

Mora Laura var mykje sjuk og døydde av tuberkulose 29. desember 1868. Etter det flytta den yngre systera til mora, Karen Bjølstad, inn i leilegheita for å styre hushaldninga og ta seg av borna. Edvard Munch vart gullungen hennar, og seinare i livet prøvde han å gjengjelde noko av omsorga han hadde fått ved å skrive brev og hjelpe til med pengar. Faren gjekk nærast gjennom ei personlegheitsendring etter at kona døydde, og han kunne få raseriutbrot som skremde borna. I summe periodar var han ein nær og varm far som fortalde eventyr og anekdotar, i andre vart han streng, distansert og oppfarande. Han var omsorgsfull, noko som til tider kom til syne ved at han var konstant engsteleg for helsa til Edvard og dei andre borna. I 1877 døydde den eldste systera, Johanne Sophie, av tuberkulose, så døden var nær på livet fleire gonger i oppveksten til Edvard Munch. Faren og broren Andreas døydde også medan Edvard enno var ein ung mann, og systera Laura hadde store psykiske problem heile livet. Det vart såleis den yngste systera Inger Marie og tanta Karen han hadde nærast forhold til etter han vart vaksen.

Livet som målar

Frå 13 -14-årsalderen byrja Edvard Munch å besøke kunstutstillingar på eiga hand, og som 17-åring bestemde han seg for å bli målar. Som ung vanka han i Kristiania-bohemen, noko som stridde mot alt faren stod for. Edvard Munch reiste til København, Berlin, Paris, Roma og andre storbyar for å skape den kunsten han ynskte. Han levde eit omflakkande liv som ikkje kan karakteriserast som særleg sunt, men han hadde ein beundringsverdig arbeidsmoral og skapte stor kunst i løpet av åra han var utanlands. I samtida var han både beundra og forakta, men fekk heile tida stor merksemd. I 1909 kom han attende til Noreg og snudde opp ned på det meste i livet. Han hadde svært liten kontakt med andre, gikk sjeldan på kafé eller traff vener, men arbeidde stadig like hardt som før. Frå 1916 budde han på Ekely, og dei siste åra av livet levde Edvard Munch isolert på eigedomen sin fram til han døydde i 1944. Han testamenterer nesten heile sin kunstnariske produksjon, tekster og eigendelar til Oslo kommune.

Munchs forhold til Vågå

Edvard Munch søkte røtene sine for å finne svar på kven han var

Vågå var langt framme i bevisstheita til Edvard Munch. Historieforteljing var familien sin måte å kose seg saman på, og gjennom historier som faren fortalde når familien var samla fekk Vågå ein naturleg plass i livet. Farens yrke som lege førde med seg mykje flytting, og Vågå vart rekna som eit felles utgangspunkt for familien på farssida. Alle i familien måtte sjå og besøke Vågå kyrkje og prestegarden Ullinsvin. Edvard Munch har sjølv sagt at han har henta mykje inspirasjon til måleria sine i Universitetsaulaen frå måleria til Henning Munch i Vågåkyrkja. Ut frå eigne brev og skissebøker er det dokumentert at Edvard Munch gjorde minst fem reiser til Vågå mellom 1895 og 1939.

I eit notat om familien omtaler han faren Christian, Edvard Storm, målaren Jacob Munch og målaren Fritz Thaulow. Her kjem han også inn på Vågå og skriv: «Presten Henning Munch. Prest i Vaage på 1600 tallet var rimeligvis av slekten. Han dekorerte vakkert Vaage Kirke». På sine besøk her studerte Edvard Munch Vågå kyrkje både utvendig og innvendig, og det han såg gjorde inntrykk på han. I familietradisjonen meinte ein at Munchane som budde i Vågå og Lom på 1600-talet var ein del av deira slekt. I dag meiner ein at presten Henning Munch som har dekorert Vågå kyrkje, var av ei anna Munch-slekt enn Edvard Munch.

Edvard Munch sine reiser til Vågå

1895: 18. juli, ein varm og fin sumardag, kom Edvard Munch vandrande ned Bakselabakken og skodar utover Vågåvatnet og Vågåmo for fyrste gong. I brev og i skisseboka hans ser ein at Munch reiste frå Gausdal 11. juli og deretter tok turen inn i Fronsfjella og vidare til Vågå. Føtene var det naturlege framkomstmiddelet, og det var populært blant unge menn å gå lange fotturar for å oppleve Fjell-Noreg på denne tida. Ulikt mange av dei andre kunstnarane som var på vandring om somrane var det ikkje fjella men Vågå som var det endelege målet med turen for Edvard.

1919: I august reiser Edvard Munch med den nye Raumabanen og skriv kort frå Åndalsnes Hotell til systera Inger. Han skriv at han kjem til å reise innom Vågå og bli der nokre dagar på turen attende frå Molde. Så sender han kort frå Tofte i Dovre der han overnattar på heimvegen. Dette kortet sender han til tanta si, Karen. Her skryt han av den fantastiske garden Tofte. Neste kort sender han dagen etter til Inger. Der står det at han reiste frå Tofte og drog oppover mot Vågå, men snudde og reiste attende til Kristiania. Han kommenterer: «Det ble ikke noen tur til Vågå denne gangen.»

1930: I skisseboka skriv han: «Jeg må reise til fjells for å få krefter. Det trengs for andre legger beslag på meg.» På denne turen til Vågå bur han kanskje på ei hytte ved Vågåvatnet som kameraten Jo Visdal åtte. Denne hytta dreiv Kunstnerforbundet framleige av til kunstnarar. Matlaging var ikkje på repertoaret til Edvard Munch, så han åt på hotell både når han var på reise og heime, og truleg også då han besøkte Vågå.

1933: I skisseboka teiknar Edvard Munch to uthus på eit småbruk som godt kan liggje i Vågå. Skissa er datert, men ikkje namngjeven. Frå 1933 eig Kunstnerforbundet Jo Visdal-hytta ved Vågåvatnet.

1934: Den 5. juli 1934 skriv Edvard til Inger på eit kort: «Jeg vil om en tid prøve udenlands luften — Lillehammer, Vågå eller et annet sted». Han vil burt frå Oslo og trekkjer Vågå inn i planane for reisemål.

1936: Denne sumaren er Edvard Munch i Trondheim for å halde ei utstilling og sjå etter ein slektning som var på eit lungesanatorium. På same reisa kom han til Vågå.

1937: Edvard Munch skriv i eit brev til Jens Thiis: «Jeg må nok reise så snart jeg kan til Gudbrandsdalen- Havde jeg ikke været så dårlig havde jeg kommet op til deg før jeg reiser. Jeg har holdt meg helt inde for endeli at bli bra.» Her er det nok Vågå Munch har i tankane. Han oppheldt seg aldri andre stadar i Gudbrandsdalen, men reiste berre til Vågå, difor er Vågå og Gudbrandsdalen omtrent synonymt for Edvard Munch.

1939: Sumaren 1939 skriv Edvard til Inger: «Vil du bli med bilen og hente noen blomster hos mig. Jeg reiser i aften eller i morgen en kort tur til Gudbrandsdalen». Dette er siste gong ein kan lese ut i frå skriftlege kjelder at Edvard Munch har reist til Vågå. Det samsvarer også med andre biografiske kunnskapar. Frå denne perioden i livet isolerte målaren seg fullt og heilt på eigedomen Ekely og hadde kontakt berre med ein handfull personar. Edvard Munch var heller ikkje på hytta si i Åsgårdstrand etter 1938, og Nedre Ramme i Hvitsten hadde han leigd ut, sidan han ikkje lengre brukte eigedomen.

Lytt til høyrespelet

[smart_track_player url=»https://soundcloud.com/muchivaga/oldemors-portrett_episode-1″ title=»episode 1″ artist=»oldemors portrett» image=»http://www.munchivaga.no/wp-content/uploads/2015/06/Munchvandring_01.jpg» download=»false» social=»true» ]

Velkomen inn i Vågå kyrkje

Den opphavlege Vågå kyrkje vert rekna som ei av dei eldste kyrkjene i Noreg. Denne vart bygd i tidsrommet 1100 –1130 og vart erstatta med noverande kyrkje i 1627, delvis med bruk av bygningsdelar frå den gamle stavkyrkja. Kyrkja er kjend for det vakre interiøret med måleri av Henning Munch, døypefont i Kleberstein og rikt dekorert altertavle. Frå juni til september er kyrkja open måndag til fredag frå kl. 9 til 15. I juli også laurdag og sundag frå kl. 11 til 19. www.vagakyrkja.com

Munchs familie i Vågå

Dei viktigaste personane på farssida i Edvard Munch sin familie

Farsslekta til Edvard Munch var alle menn med høge stillingar i samfunnet. Av kvinnene var det spesielt oldemor Christine Storm Munch som utmerka seg og har fått ein stor plass i familiehistoria.

  • Søren Rasmussen Munch 1686-1748

    Vert rekna som stamfar til familien og den fyrste som tek namnet Munch. Skipskaptein fødd i Kristiansand. Førte skip med kaperlisens for Skagerak og krigsskip under Tordenskiold ved Dynekil og i angrepet på Gøteborg i Den Store Nordiske Krig. Enda opp som hotelleigar i Christiania i 1740-åra.

  • Johan Storm 1712-1776

    Kom til Vågå frå Lom i 1746. Songglad og munter prest som var godt likt i bygda. Betydde mykje for sonen Edvard Storm.

  • Peder Munch 1740-1802

    Kunnskapstyrst, rettskaffen og nidkjær prest som underviste sønene sine fram til universitetet. Alle i familien kunne historier om han. Trass i eit pietistisk livssyn inneheldt det rikhaldige biblioteket hans blant anna «Tusen og en natt» frå 1726 på fransk!

  • Christine Storm Munch 1746-1825

    Kunnskapsrik og dyktig dame som styrte på Ullinsvin i siste del av det 17. hundreåret. Dyrka og samla krydder og lækjande urter. Ho var kjend for å vera omsorgsfull og hjelpte ofte sjuke bygdefolk med både mat og naturmiddel. I ei tid da konseptet «kokebok» ikkje var oppfunne skreiv ho mange hundre sider med oppskrifter som dokumenterer matrettar frå den tida. Fødde 12 born i løpet av 15 år, dei sju yngste på Ullinsvin. Svært interessert i botanikk, astronomi, musikk, astrologi og kokekunst. Ho kunne leggje seg ned og teikne stjernebilete på golvet, spelte piano, og var nok bygdas største "fashionista" som kunne kle seg i overdådige klede og prangande hattar.

  • Edvard Storm 1749-1794

    Diktar som vaks opp på Ullinsvin, studerte i København og skreiv døleviser på dialekt frå Vågå. Desse vert mykje nytta i folkemusikkmiljø også i dag. Sende bøker og moteblad til halvsyster si Christine og brevveksla med svogeren sin Peder.

  • Edvard Storm Munch 1780-1847

    Presten var fødd på Ullinsvin i Vågå. Sokneprest i Gjerpen i Telemark, stortingsmann og medlem av riksrettskollegiet i 1827. I 1832 vart han stiftsprost i Christiania (nest etter biskopen). Skreiv småskrifter om religiøse spørsmål.

  • Johanne Sophie Hofgaard Munch 1791-1860

    Særs evnerik, omgjengeleg og kunnskapsrik dotter av Andreas Hofgaard som var prest og eigar av Fornebo hovedgård. Heldt litterære samlingar i det store huset sitt i Homansbyen, der dei konservative litteratane i Christiania møtte opp.

  • Peter Andreas Munch 1810-1863

    Rekna som den fremste historikaren i Noreg. Var geograf, forska på norsk middelalder og skreiv storverket «Det norske folks liv og historie». Dette var banebrytande forsking som var med på å byggje opp den nye nasjonen Noreg. Verdskjend som middelalderforskar og fekk som ein av få tilgjenge til Vatikanarkivet. Ein av stiftarane av Nasjonalmuseet. Vart gravlagd i Roma. Ei statue av ham står utanfor Universitetet i Oslo.

  • Andreas Munch 1810-1884

    Andreas var den fyrste som fekk diktargasje i Noreg. Livnærde både mora og dei ugifte systrene sine. Var den tonegjevande diktaren i nasjonalromantikken frå 1845 -1860. Stor produksjon av dikt, skodespel samt nokre romanar.

  • Christian Munch 1817-1889

    Faren til Edvard Munch. Lege som praktiserte som militærlege på Løten, Gardermoen og Hønefoss. Historieinteressert, sterkt religiøs og ein framifrå forteljar for borna sine. Yrket hans gjorde at familien flytta mykje, blant anna til austkanten i Christiania der han hjalp fattigfolk. Dei fekk behandling i leilegheita til familien, og Edvard Munch brukte baksida av reseptane som teiknepapir.

  • Johan Storm Munch 1827-1908

    Emigrantprest som stifta kyrkjelydar blant nordmenn i Wisconsin, USA. Skipsprest ved opninga av Suez-kanalen i 1868. Stifta og tala i Den Norske Frikirke i Christiania og fekk publisert preikene sine. Vart kalla «poeten».

  • Målarane Jacob Munch (1776–1839) og Fritz Thaulow (1847–1906) er også i familie med Edvard Munch. Jacob Munch var den fremste av empire-målarane i Noreg og den fyrste biletkunstnaren i slekta. Hovudverket er kroningsbildet av Carl Johan som heng på slottet i Oslo. Fritz Thaulow var den fyrste vintermålaren i Noreg og stod ofte ute i kulda og måla. Fekk i stand eit utdanningsstipend til Paris for Edvard Munch i 1889, noko som i sterk grad skulle påverke den kunstnariske utviklinga til Munch.

LYTT TIL HØYRESPELET

[smart_track_player url=»https://soundcloud.com/muchivaga/oldemors-portrett_episode-2″ title=»episode 2″ artist=»oldemors portrett» image=»http://www.munchivaga.no/wp-content/uploads/2015/06/Munchvandring_01.jpg» download=»false» social=»true» ]

Velkomen inn i Christine sin urtehage

Kulturhagen i prestegarden Ullinsvin i Vågå er ei oase, eit rekreasjonsområde, der du kan vandre i fotspora til forfedrane til Edvard Munch og oppleve den estetiske, vakre og rolege stemninga i hagen som vart til gjennom fleire generasjonar. Se mer om hagen og hvordan den ble gjenskapt på munchivaga.blogspot.no

Vågåvenen Jo Visdal

Talentfull vagvær fekk sitt gjennombrot med byste av Munch

Jo Visdal var ein nær ven av Edvard Munch frå ungdomen og gjennom resten av livet. Dei møttest medan dei studerte på Den Kongelige Tegneskolen. Jo Visdal laga ei byste av Edvard Munch som du kan sjå i hagen på Ullinsvin. Den syner Edvard Munch som ung mann og er den einaste bysta som er laga av Edvard Munch medan han var i live.

Bysta Jo Visdal laga i 1886 er den einaste som vart laga av Edvard Munch medan han sjølv var i live. Bysta fekk nytt liv da ho vart sett opp i prestegardshagen på Ullinsvin i 2013.

Frå Nordherad til Paris

Jo Visdal vart fødd i Vågå 2. november 1861 og døydde i Asker 26. desember 1923. Han vaks opp på garden Nigard Visdal i Nordherad i Vågå saman med fire sysken. Han starta sin kunstnarlege leveveg som treskjerar i heimbygda. I 1880 kom han til Kristiania og byrja i lære som møbelsnekker. Etter ei tid livnærde han seg ved å skjera trefigurar som han selde gjennom Bennets reisebyrå.

Frå 1883 til 1887 gjekk han på Den Kongelige Tegneskole. Allereie det fyrste året på skulen debuterte Visdal på haustutstillinga med ei portrettbyste. På skulen trefte han Edvard Munch, og dei vart einige om at Jo skulle lage ei portrettbyste med Edvard som modell. I 1886, da Munch var berre 23 år gamal, laga Visdal ei byste av kameraten. Arbeidet var så godt utført at Jo Visdal fikk eit stipend frå Houens legat og kunne reise til Paris for å studere vidare. Bysta fikk ei viss merksemd og kan nok kallast eit kunstnarisk gjennombrot.

Mangfaldig portrettør

Oscar Thue – tidlegare fyrstekonservator ved Nasjonalgalleriet – seier i ei samtale med Øystein Hovdkinn i 1993, at bysta av Munch er «ett av de fineste, mest uttrykksfulle og levende karakterportretter i norsk bildende kunst». Det er denne bysta som nå står i prestegardshagen. Modellen til bysta vart utlånt frå barnebarnet til Jo Visdal, Linda Visdal Berglund, og støypt i bronse. Oscar Thue meiner at portrettet av Munch har eit meir lyrisk preg enn dei seinare arbeida til Visdal.

Edvard Munch og Jo Visdal var ikkje dei einaste kunstnarane som reiste til Paris. Den franske hovudstaden trakk til seg kunstnarar frå heile Europa, og både Edvard Munch og Jo reiste dit finansiert av stipend. Medan dei var i Paris, delte kameratane endatil hybel ei periode.

I Paris teikna Visdal saman med målarane Leon Bonnat og Alfred Roll. Dei franske kunstnarane sin handverksmessige dugleik vart ein inspirasjon for Jo Visdals seinare virke, sjølv om det kjensleladde og ofte dramatiske uttrykket i samtidas franske kultur låg fjernt frå Jo Visdal sitt lynne.

Stor produksjon

Jo Visdal var mykje brukt som bilethoggar og nokre av dei mest kjende skulpturane hans er:

  • Byste av Knud Knudsen, Nationaltheatret, Oslo
  • Byste av Karoline og Bjørnstjerne Bjørnson, Aulestad, Gausdal
  • Byste av Henrik Ibsen, Skien
  • Altertavle Fagerborg kyrkje, Oslo
  • Byste av Arne Garborg, Universitetsbiblioteket, Oslo
  • Portrettrelieff av Kong Haakon 7.  til nye mynter i 1907, 1909, 1910 og 1920
  • Nicolai Wergeland, Universitetets Aula, Oslo
  • Monument Carsten Anker, Eidsvollsbygningen

LYTT TIL HØYRESPELET

[smart_track_player url=»https://soundcloud.com/muchivaga/oldemors-portrett_episode-3″ title=»Episode 3″ artist=»Oldemors portrett» image=»http://www.munchivaga.no/wp-content/uploads/2015/06/Munchvandring_01.jpg» download=»false» social=»true» ]

Velkomen inn i tunet til Jutulheimen bygdemuseum

Her kan du sjå hus frå Vågå frå 17- og 1800-talet, med faste utstillingar om Jo Gjende og Jo Visdal vekslande utstillingar, temakveldar og arrangement gjennom året. For opningstider og program, sjå oppslag, heimesider og facebook for Gudbrandsdalsmusea. www.gudbrandsdalsmusea.no

Munch-vandring i Vågå

Gå i fotspora til Edvard Munch og farsslekta hans

Edvard Munch er ein målar av verdsformat og truleg den mest kjende kunstnaren Noreg har hatt. Han var både anerkjend og omdiskutert i si samtid, og mange oppfatta han som sjølvoppteken, sky og sentrert om seg sjølv og sin eigen kunst.

På Munch-vandring i Vågå vil du oppdage at han hadde fleire sider. Edvard Munch var oppteken av korleis nedarva genar formar oss som personar. Sidan farsslekta til Munch budde i Vågå i fleire generasjonar, vandra han hit som ung mann for å søkje opp røtene sine. Han hadde ofte Vågå i tankane, og bevarte eit nært forhold til Vågå heile livet gjennom fleire besøk.

Munch-vandringa tek til rett utanfor Lie-hjørna. Ruta går deretter mot Vågå kyrkje, over kyrkjegarden og opp til Ullinsvin, før ruta endar på bygdemuseet Jutulheimen. Total lengde er 1,32 km med ei stigning på 97 meter. Ruta er godt merka og du finn vegen ved å fylgje desse skilta.

På kvart av dei tre stoppa på Munch-vandringa kan du lytte til ei episode i høyrespelet ”Oldemors portrett” der du får bli med Edvard Munch når han vandrar rundt i Vågå. Still dykk under lyddusjen, trykk på knappen og møt Edvard Munch.