PÅ VEG TIL VÅGÅ

Edvard Munch si reise til Vågå i 1895 starta til fots frå Lillehammer gjennom Gausdal over Fronsfjella, vidare gjennom Sikkilsdalen og til slutt med båtskyss over Øvre Sjodalsvatnet.

Her hadde Peter Munch Tronhus (1816-1900), som var søskenbarn til far hans, ein liten turiststasjon, «Petterbessa». Edvard oppheldt seg nokre dagar her i Gjende-området før han fortsette ned til bygda.

Peter M. Tronhus og kona hans tok imot turistar på setra fram til 1896. Peter var også fjellførar i Jotunheimen og varda fjellstigar for fotturistar. Han varda stigen frå Bessheim over Veslefjellet til Besseggen allereie i 1872. I skisseboka frå Edvard Munch si vandring finn vi teikninga som han gjorde av faren sitt søskenbarn, som da var 80 år gamal.

 

I brev til kunstnarvenen Karl Konow, datert 15.7.1895 skreiv Edvard:

Besteg Skjæggedalstinderne
i strålende Solskin. Traf Kristian
Krohg på Toppen – han havde
heldigvis Pjolter med. – Bestiger
i dag de øvrige Tinder –

Hilsen til alle nede på Fladlandet
Din E. M

 

Kjelder: Nasjonalbiblioteket, Brevs. 94 (PN 193).
Møller, Bessheim- frå seter til fjellstugu i Jotunheimen, 2008
Løvland, Hilsen fra Jotunheimen, 1995 side 92
Kopperud, Besseggen og Gjende: skjønnhet og myte, 1995 s 57

Frå Bessheim 1890-1905. (c) Norsk fjellsenter.

Frå Bessheim 1890-1905. (c) Norsk fjellsenter.

English version follows: 

EN ROUTE TO VÅGÅ

When Edvard Munch visited Vågå in 1895, he started at Lillehammer and walked through Gausdal, across the Fronsfjella mountains and through Sikkilsdalen, and then crossed lake Øvre Sjodalsvatnet by boat. Here, his father’s cousin, Peter Munch Tronhus, ran a small mountain lodge known as “Petterbessa”. Edvard stayed in the Gjende area for a few days before heading down to the village.

Peter M. Tronhus and his wife catered for travellers at their mountain farm until 1898. Peter also worked as a guide in Jotunheimen, and marked up trails for hikers. He marked the trail from Bessheim across Veslefjellet mountain to Besseggen using cairns as early as in 1872. One of the drawings in Edvard Munch’s sketchbook from the trip is of his father’s cousin, who was then 80 years old.

In a letter to Karl Konow, dated 15/07/1895, Edvard writes:

Climbed Skjæggedalstinderne
in beautiful sunshine. Met Kristian
Krohg at the top – thankfully,
he had brought a dram. – Will today climb
the other peaks –

Love to you all down in the lowlands
Yours E. M

 

Sources: Nasjonalbiblioteket, Brevs. 94 (PN 193).
Møller, Bessheim- frå seter til fjellstugu i Jotunheimen, 2008
Løvland, Hilsen fra Jotunheimen, 1995 side 92
Kopperud, Besseggen og Gjende: skjønnhet og myte, 1995 s 57