Munch-stigen
Ei vandring i Edvard Munchs fotspor frå Bessheim til Vågåmo
20. juli 1895; Ein varm og fin sumardag, kom Edvard Munch vandrande ned Bakselabakken og skodar utover Vågåvatnet og Vågåmo for fyrste gong. I brev og i skisseboka hans ser ein at Munch reiste frå Gausdal 11. juli og deretter tok turen inn i Fronsfjella og vidare til Vågå».
Føtene var det naturlege framkomstmiddelet, og det var populært blant unge menn å gå lange fotturar for å oppleve Fjell-Noreg på denne tida. Ulikt mange av dei andre kunstnarane som var på vandring om somrane var det ikkje fjella, men Vågå som var det endelege målet med turen for Edvard. Det var menneska, historiene, slekta, læren om fortida og søken etter identitet.
Opp gjennom oppveksten sto fortelling om familie, slekt og røtene sentralt når far samla Edvard og søskena. Desse stundene, som mest truleg var eit positivt innslag i ein utfordrande kvardag, viser behovet vi alle har for tryggleik, tilknyting og ro. Gjennom naturopplevingane Edvard Munch hadde på veg gjennom vakre Sjodalen, samla han enorm inspirasjon, som vi kan sjå att i skissebøkene og reisenotata hans i tillegg til å gjenoppleva i kunsten hans.
1930: I skisseboka skriv han: «Jeg må reise til fjells for å få krefter.
Det trengs for andre legger beslag på meg.»
MUNCH-STIGEN gjennom Sjodalen
Munch-stigen startar i Bessheim, dit Edvard Munch kom med båt over Sjodalsvatnet på vandringa frå Sikkilsdalen til Vågåmo. Langs Munch-stigen går du i Edvard sine fotspor frå fjellet og ned til bygda. Undervegs blir du både betre kjent med personen og kunstnaren Edvard Munch, og opplever interessante natur- og kulturminne. Frå Bessheim er Munch-stigen 53,9 km fram til Vågåmo. Du kan også starte ved Gjendesheim, da er total lengde 57,3 km. Stigen er også egna for sykling. Undervegs ligg det fleire spise- og overnattingsstader, nokre med eiga Munch-meny.
Stien knytter saman etablerte opplevingar som Hulderstigen, Stuttgongfossen Naturreservat, Ridderspranget, Blessomkalvkveet, Heimfjellet, Kveom grenda-stig, Vågåkyrkja, Munch-vandringa i Vågåmo sentrum med høyreespelet «Oldemors portrett» i 3 etablerte lyddusjer og Galleri Ullinsvin med Prestegårdshagen og Cafe Edvard.
Bessheim Fjellstue, Lemonsjø Fjellstue og Hyttegrend, Gammel-Kleppe Kulturarvhotell og Vågå Hotell står klare til å ta imot deg som vandrar. Dei tek vare på Munch sin lidenskap for det gode «hotell-måltid», og har utvikla ein meny basert på oppskrifter frå Fru Christine Storm Munch si kokebok (Edvard Munch si oldemor).
Undervegs blir du betre kjend med personen og kunstnaren Edvard Munch. Det er sett opp 22 informasjonstavler langs stigen som gir deg kunnskap om kunsten og livet til kunstmålaren.
Kart over hele Munch-stigen finn du her.
GOD TUR!
Dei 22 informasjonspunktene:
Visste du at Munch måla teaterplakaten til Ibsen si Peer Gynt-oppsetting i Paris?
Vågå, eit reisemål for kunstnarar
Grisen i Tronhus og «Alfa og Omega»
Edvard Munch som amatørfotograf
Overnatting hjå slektningen Jens Tronhus i Randsverk
Kvifor engasjerer Edvard Munch oss?
«Skrik», eit av verdas mest berømte motiv
Bilethoggaren Jo Visdal frå Vågå
Grønsaker, kjelde til både motiv og næring
«Munchely», eit formidlingssenter
Kva såg Edvard Munch da han kom til Vågå i 1895?
Oppteken av slekt og genar – farsslekta i Vågå
THE MUNCH – TRAIL
– a hike in Edvard Munch’s footsteps from Bessheim to Vågåmo
Edvard Munch (1863–1944) is Norway’s most renowned painter. His family on his father’s side lived in Vågå for several generations. Edvard Munch came to Vågå on several occasions to see where his ancestors lived. In 1895, he walked to Jotunheimen and stayed here in the Gjende area for a few days before heading down to Vågåmo village. At one of his trips to Vågå, he writes:
“I must go to the mountains to restore my strength”
The Munch-trail starts in Bessheim, where Edvard Munch came walking on this way to Vågå in July 1895. On this Munch trail you can follow in Edvard’s footsteps from the mountain down to the village. Along the way you will get better acquainted with Edvard Munch as an individual and an artist and experience the area’s natural and cultural heritage. The Munch trail is 53,9 kms long from Bessheim to Vågåmo and is also suitable for cycling. Alternatively, you can start at Gjendesheim, adding 3,4 km to the walk. There are several restaurants and places to stay along the way, and some offer a special Munch menu.
The trail connects well-known experiences such as Hulderstigen, Stuttgongfossen Nature Reserve, Ridderspranget, Vågåkyrkja, Munch-vandringa in Vågåmo center with audio play «Great-grandmother’s portrait» 3 different sound showers, and Gallery Ullinsvin where you also find the rectory garden and Café Edvard.
Bessheim Fjellstue, Lemonsjø Fjellstue og Hyttegrend, Gammel-Kleppe Kulturarvhotell and Vågå Hotell are ready to welcome you. They take care of Munch’s passion for the good «hotel meal», and have developed a menu, based on recipes from Mrs. Christine Storm Munch’s cookbook (Edvard Munch’s great-grandmother).
Along the trail, there are 22 information boards that give you an insight to the art and life of the artist.
Maps of the entire Munch-trail can be found HERE.
Enjoy your trip!
The 22 information boards:
Did you know that Munch painted the hteatre poster for Ibsens’s staging of Peer Gynt in Paris?
The sketchbook as travel companion
The Tronhus pig and «Alfa and Omega»
Edvard Munch as amateur photographer
Overnight stay with Jens Tronhus, his relative in Randsverk
Why does Edvard Munch fascinate us?
«The Scream», one of the world’s most famous motifs
Vegetables, a motif as well as nourishment
Munch’s relationship with animals
«Munchely», an information centre